top of page
eur5hmQg.png

Fluid FILM:

Fluid Film er ein unik lanolinbasert merkevare som beskyttar mot korrosjon og som vert brukt som smøremiddel over heile verda i ei rekke bransjar.

 

Fordelar med Fluid Film behandling kontra løysemiddelbasert alternativ:
 

  • Det er ikkje nødvendig å vaske bilen før behandling. Vi tørkar bilen, og gjer den rein med trykkluft. Dermed får vi vekk alt som er laust som sand, skit og rustflak.

  • Det er ikkje nødvendig med sandblåsing. Når bilen er reingjort får vi behandla direkte på rust. 

  • Fluid Film trekker inn i rust, fortreng fuktigheit og stoppar dermed rustprosessen. 

  • Fluid Film kryp 15cm! Stor fordel at det trekk inn i falsar og plateskjøtar der bilar ofte rustar opp først. 

  • Tørkar ikkje inn, og vil dermed ikkje sprekke slik at rust får jobbe på baksida.

  • Ikkje skadeleg for elektrisk anlegg, tvert imot kan stoffet brukast i kontakter for å unngå irr

  • Kort behandlingstid. Mulegheit for å få tilbake bilen samme dag, ferdig behandla. 

 

 

Fluid Film har eit stort produktspekter som består av det beste som er tilgjengeleg på marknaden i dag. Den unike beskyttelsen mot korrosjon og slitasje egnar seg for alle slags metall. Det kan også brukast til smøring av bevegelege delar og ledd. 

 

Fluid Film er langtidsverkande oljer og fett som har vore brukt i maritim industri for behandling av skip og boreriggar sidan 1940-tallet.

Etter den tid har Fluid Film blitt introdusert for andre bransjar og gir ein mer miljøvennleg løysing for vedlikehald av m.a bilar. Produkta er nemleg utan løysemiddel. Godt for deg og meg, og ikkje minst miljøet vi alle er så avhengige av. Ved å nytte Fluid Film sparar vi miljøet for tonnevis av organiske løysemiddel og farleg avfall.

bottom of page